Kunnande og vitande
Seminar om vern av immateriell kulturarv

NB! Nytt tidspunkt og ny stad: 16. oktober i Trondheim

Dette seminaret ønskjer å diskutera implementeringa av UNESCO-konvensjonen for vern immateriell kulturarv. Vi har vore så fri å låna eit ordpar frå Jon Bojer Godal til tittel. Initiativ til seminaret kjem frå den friviljuge sektoren som driv med musikk, dans og husflid. Vi vil setja fokus på korleis arbeidet med konvensjonen ser ut frå vår synsvinkel. Denne synsvinkelen meiner vil vera interessant også for alle dei andre aktørane på feltet, og vi inviterer difor andre aktørar med i prosjektet på ulike vis og kjem attende til nærare program.

Innleiande synspunkt

Til uminnelege tider har dei kulturverdiane som vart skapte nær makta vore prioriterte. Der har dei hatt vilkåra til å bli profesjonell kunst og kultur, og har seinare blitt haldne oppe av økonomisk støtte frå samfunnet. Ved hjelp av slik støtte blir dei også aktivt spreidde til heile folket. Desse kanoniserte kulturverdiane har dels inspirert og styrka folk flest sin kultur, dels tevlar dei med folkekultur av mange slag.

 

Med tanken om vern som konvensjonen fremjar kjem forståinga av at andre kulturformer også treng prioritering og støtte for å leva vidare, på same måte som den kanoniserte, profesjonelle kulturen. UNESCO-konvensjonen skal, slik vi tolkar han, først og fremst verna praktiseringa av nedarva kunnskap. Det er altså ikkje berre kunnskapen i seg sjølv som skal vernast, men først og fremst praktiseringa av kunnskapen. Ein kan også spørja om det finst ein kunnskap i seg sjølv som ikkje omfattar praktiseringa. Her kjem Godals poeng: ordet kunnskap blir tømt for den delen av meiningsinnhaldet sitt som gjeld ferdigheit, det å praktisera, frå kunnskap til å gjera nok til kunnskap om noko. Vi kan vita mykje om dans, men det er ikkje nok for å kunna dansa godt.

 

Samanbrotet av stabil lokal aktivitet der særeigen lokal kunnskap blir praktisert er eit av grunnlaga for at konvensjonen vart laga. Det er ikkje nok at vi passar på verktøy, vi må sikra at det er nokon kan laga og bruka verktøya og som gjer det. Det er ikkje nok å skriva ned ein song eller ta han opp på lydband. Hovudsaka er at nokon lærer han og syng han.

 

Slik er det praktiseringa av kunnskap som, slik vi ser det, er hovudmålet for konvensjonen. Det å dokumentera, ta vare på og fortelja om kunnskap, om gjenstandar eller om praksis er ikkje det endelege målet, men midlar til å nå målet, nemleg praktiseringa.

 

Nokre spørsmål til drøfting når det gjeld implementeringa av konvensjonen

I utgreiinga som førebudde den norske utgreiinga av konvensjonen var det peika på at konvensjonen skulle utjamna den store skilnaden mellom vern av materiell og immateriell kulturarv.

 

Kva tiltak kan hjelpa fram ei utjamning?

Gjeld same tilnærming og same arbeidsmåtar for det materielle og det immaterielle?

Kva for aktørar bør vera representerte i arbeidet?

Er konvensjonen primært ei sak for det kulturvernet som alt har arbeidd i over 100 år med materiell kultur, eller trengst det primært annan kompetanse?

 

Vern betyr at noko blir valt ut for vern - korleis skal utveljinga skje og kven skal ta seg av det?

Kva tiltak er relevante og kva tiltak bør prioriterast - er same slag tiltak relevante for all slags immateriell kulturarv?

 

Vi ser fram til spennande og fruktbar debatt.

 


 

Med helsing,

Rådet for folkemusikk og folkedans

Sist oppdatert ( mandag 17. august 2009 )