|
Folkedans
- Noreg, organisasjonane, lokalmiljøa, skulane og ikkje minst Bygda Dansar
treng fagkompetanse på norsk folkedans. Difor tek Rff- senteret i Trondheim no
nye grep for å rekruttere fleire inn til studia dei tilbyr innan folkedans
gjennom NTNU.
Årets tradisjonskunnskap vil innehalda fornyingar i
fleire ledd.
Alle studia
ved Rff- senteret er deltidstudium og kan lett kombinerast med andre studie eller
jobb. Studiet tradisjonskunnskap er ei unik
moglegheit for til fordjuping i den norske tradisjonsdansen der arbeid med
arkivmateriale, forelesingar og praktisk dansearbeid går hand i hand. Det som
er nytt ved dette studiet til hausten er:
- Nye store, lyse undervisningslokale og stor dansesal ved Rff-sentret på
Dragvoll, Trondheim
- Lærekrefter med føter både i tradisjonsmiljø og fagmiljø!
- Større fokus handlingsboren praktisk dansekunnskap
Samling i Valdres og nye forelesarar på
studia Tradisjonskunnskap, folkedans I og II
Til hausten vil den eine samlinga på studiet Tradisjonskunnskap (13.-17.
oktober) bli avvikla i samarbeid med det nyetablerte Aust-norsk kompetansesenter
i flunkande nye lokale ved Valdres folkemuseum, Fagernes! Studentane kan slik
gle seg til ei spennande samling der du ved sidan av dansefagpersonalet ved Rff
- sentret med professor Egil Bakka i spissen,
også får møte lokale lærekrefter
som Ingar Ranheim og Stian Roland mfl. Andre forelesarar ved studiet er Hæge Manheim,
Kari Margrete Okstad, Sigurd Johan Heide, Jan Petter Blom, Tor Stallvik, Siri
Mæland, Ivar Mogstad og Bjørn Aksdal mfl.
Fagkompetanse ein føresetnad for kommande Bygda dansar- fylke!
Tradisjonskunnskap I og II gjev deg basiskunnskapen og grunnlaget for å sameine
praktisk kunnskap og teori innan folkedans. Bygda dansar er den største
nasjonale satsinga på folkedans i Noreg og blir slik veldig viktig i åra som
kjem. Bygda dansar nærmar seg med stormskritt
til Vest-Agder, Rogaland eller
Nord-Trøndelag! Her trengs det sårt ei kompetanseheving! I Buskerud er
prosjektet godt i gang, og i Oppland snart over, men også her trengs
fagpersonar til å vidareføra arbeidet etter at Bygda Dansar er over. Sør-Trøndelag, Hedmark og Telemark ynskjer
også å kasta seg på trenden med Bygda Dansar, og treng engasjerte og
fagkompetente dansarar og spelemenn. Dette er eit krav for å få prosjektet!
Fleire studium i folkedans til hausten med
søknadsfrist søknadsfrist 15. mai!
Søknadsfristen
for studia på dansevitenskap ved Rff- senteret er rett rundt hjørnet.
I tilegg til "tradisjonskunnskaps- studiet" tilbyr Rff- senteret hausten 2010 også studium i feltarbeid
(Etnokoreologi, dokumentasjon og notasjon, 15 stp). Du kan også søkje på vidareutdanningskursa :
Innføring i norsk folkedans for lærarar, 15 stp. Norsk folkelig dans, 15 stp, Improvisasjon
som kreativt verktøy, 7,5 stp. Alt dette går det an å ta på deltid eller du
kombinere emna til eit heiltidsstudium! Faldar for studia finn du på http://www.rff-sentret.no/images/stories/Dansevitskap/folder%20dansevitenskap%202010.pdf
Sjå meir på:
www.rff-sentret.no
www.ntnu.no/musikk/forstudenter/dansevitenskap
|