| Larsen, Geir Egil: fiol-slåttar |
|
|
|
Geir Egil Larsen har
i mange år drevet en omfattende pedagogisk virksomhet: Gjennom
undervisningen i Verdal kommunale kulturskole har han gjort en
betydelig innsats med opplæring på fele ved å integrere tradisjonelt
slåttespill i den klassiske fiolinopplæringen. I denne forbindelse har
han gitt ut flere pedagogisk tilrettelagte hefter med
samspillarrangementer av folkemusikk som i dag benyttes mange steder
rundt om i landet. Fra Norsk senter for folkemusikk og folkedans kan man kjøpe enkelthefter eller alle samtidig. Vi har en egen pakkepris dersom man kjøper alle heftene samtidig.
Geir Egil Larsen: 12 fiol-slåttar med lausstrengkomp Denne samlinga er først og fremst laga for at heilt unge fiol(fele)spelarar skal få vere med i samspel frå så godt som første speletime. Opplegget er prøvd ut i Verdal barne- og ungdomsorketer/ Verdal jr.spellmannslag, som organiserer samspelet for fiolinelevane i Verdal komm. kulturskole. 2. opplag. Norsk Musikforlag a.s. 1993. N.M.O. 10626, ISBN 82-7093-201-9 Geir Egil Larsen: 12 fiolslåttar II med cellokomp Dette heftet er ei oppfølging av "12 fiolslåttar med lausstrengkomp". Utgangspunktet er det same - samspel der også nybegynnarar har ein meiningsfull plass - i lag med dei som kan meir. I dette heftet er det i tillegg cellokomp til alle slåttane.Komp-stemmene i denne samlinga går litt vidare enn i det første heftet på den måten at berre nokre frå melodiar har lausstrengkomp. I staden for er det komp-stemmer med enkel fingring. Nokre melodiar manglar komp-stemme for fiol. Desse har i alle høve 2.stemme - obligatstemme, som det gjerne heiter. Med utgangspunkt i besifringa og kompstemmene i desse to hefta vil det for mange vere enkelt å lage seg lausstrengkomp sjølv til andre slåttar.
Norsk musikforlag a.s. 1993, N.M.O. 10627, ISBN 82-7093-202-7 Geir Egil Larsen: 12 fiolslåttar 3, frå Hilmar Alexandersen sitt repertoar Dette heftet inneheld ein liten smakebit av repertoaret åt meisterspelmannen Hilmar Alexandersen frå Egge i Steinkjer. Melodiane i heftet har Larsen lært og skrive ned direkte etter Hilmar. I tillegg har han brukt mykje eigne lydband og videoopptak i arbeidet. Slåttane i heftet har ulik vanskegrad. Her finst enklare danseslåttar, men også slåttar som krev meir tekninkk med mykje skifting mellom 1. og 3. posisjon. Tri av melodiane har 2.fiolstemme. To avd esse 2.stemmene kan spelast på tussefløyte/blokkfløyte. Fem andre har cellokomp-stemme i tradisjon frå Innherad. Bortsett frå tre slåttar, er alle melodiane besifra. Norsk musikforlag a.s. 1995. N.M.O. 10767 Geir EgilLarse: 12 fiolslåttar 4. Samspel for store og små Innhaldet i dette heftet varierer frå den heilt enkle "Tofingerhallingen" til meir krevjande slåttespel. 9 av slåttane har lausstreng-komp, 9 har 2.stemme til og 4 melodiar har med underoktaven - "groft" - i samsvar med gammel samspeltradisjon. Til 4 av dei enklare slåttane er det skrivi ut cello-stemme. Dei fleste slåttane i heftet har besifring for t.d. trekkspell, piano eller kompinstrument som gitar og bass.
Norsk Musikforlag a.s. 1997, N.M.O 11074, ISBN 82-7093-367-8 |
|
| Sist oppdatert ( fredag 23. oktober 2009 ) |
| < Forrige | Neste > |
|---|




