Påmeldingar til seminaret Kunnande og vitande sendast til
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
. Vi ber om orsaking for at det er feil adresse i påmeldingsskjemaet.
Vi minner samstundes om at det er eiga påmelding for seminaret.
Sist oppdatert ( tirsdag 06. oktober 2009 )
Invitasjon til seminar 16. oktober 2009
Seminaret Kunnande og
vitande
Trondheim 16. oktober 2009
Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk handverksutvikling inviterer
herved alle interesserte til seminaret Kunnande og vitande, som blir arrangert
i tilknytning til Representantskapsmøtet i Rådet 14.- 16. oktober. Seminaret blir holdt fredag 16.oktober kl.
10-15 på Quality Hotell Augustin, Kongens gt. 26 i Trondheim.
Tradisjonsmusikk og
tradisjonsdans i mangfaldsperspektiv
Det vart eit varmt møte og stor semje mellom innleiaren
Lavleen Kaur som representerte nyleg innvandra kultur i Noreg og dei som
representerte musikk og dansetradisjonar som er eldre her, det vi kallar norsk
folkemusikk og folkedans. Mangfaldåret
fekk ros, men også skarp kritikk: Det er bra at vi med eit visst press blir
minna om å samhandla. På den andre sida er det heilt avgjerande at kvart tradisjonsfelt
får muligheter til å bevara sitt kulturelle djup. Det kan verka som at eit
kvart prosjekt som blandar får støtte, medan dei som vil arbeida med eller presentera
sine klassiske former har vanskar for vinna gehør uansett kvalitet.
Nedanfor
er ei liste over nasjonale/regionale organisasjonar og institusjonar som
arbeider for/med folkemusikk og folkedans. Det er desse som får innkalling
til representantskapsmøtet. Dersom de ser andre som de meiner burde vore med på
lista, er vi takksame for å få melding om det.
Representantskapsmøtet er generalforsamling for Rådet. Det kjem saman ein gong i året, seinast 15. november, og er med og stakar ut dei store linjene i Rådet sitt arbeid gjennom drøftingar av prinsippielle og faglege spørsmål.
Det godkjenner årsmelding, langtidsplan med budsjett og rekneskap for midlane Rådet har råderetten over. Det skal òg vera eit forum der alle sektorar i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans møtest og drøfter og fremjer saker av felles interesse med Rådet som utøvande organ. Kvart fjerde år vel Representantskapsmøtet medlemer og varamedlemer til nytt Råd.